Nyutdanna, lagspelar og idérik?
Veidekke er Norge sitt største entreprenørselskap med prosjekt, anlegg og driftskontrakter over store delar av landet. No søker Veidekke Bygg Sogn og Fjordane 2-3 ivrige og engasjerte nyutdanna som ynskjer å starte si karriere hos oss. Vi ser etter deg som er nyutdanna sivilingeniør, ingeniør eller har bakgrunn frå teknisk fagskule. Arbeidsstad er på eit av våre kontor i Førde, Sogndal, på Sandane eller i Volda.
Dette vil du jobbe med
Din jobbkvardag vil vere på bygg- eller anleggsprosjekt. Du vil få fagleg variasjon med oppgåver innan område som driftsoppfølging, produksjonsplanlegging, HMS og kvalitetssikring. Du vil og kunne få ansvar innan f.eks. kontrakt, prosjekteringsleiing eller tilbod/anbod, og mykje meir!
Som nyutdanna deltek du i vårt nyutdannaprogram Fundament. Her vektlegg vi erfaringsutveksling, nettverksbygging og sjølvleiing. Du vil delta på samlingar, webinarer og kurs med andre nyutdanna.
Dette ser vi etter hos deg
Du er ein lagspelar og har lyst til å bli ein del av våre fagleg sterke miljø. Du bør vere av den engasjerte typen som blir fascinert av ny teknologi og korleis den kan brukast på nye og lønsame måter, og du veit kor verdifullt det er å dele kunnskap og idéar med andre.
Du trivast med stor variasjon i fag og kompleksitet. I Veidekke er vi spesialistar på heile leveransen til ein kunde – og difor er involvering, samarbeid og leiing sentralt hos oss. Har du i tillegg forretningsforståing er vi garantert ein god match!
Kan du utfordre oss?
Vi har mange kloke hovud hos oss, men verda endrar seg raskt og for å skape dei endringane som må til, treng vi hjelp fra dei som tør å tenke nytt i stort og smått. Vi treng å bli utfordra, og vår satsing på nyutdanna er nødvendig for å kunne løfte oss vidare. Vi er avhengig av kontinuerleg tilførsel av ny kompetanse, pågangsmot og engasjement.
Vi har sett oss klimamål i tråd med Parisavtalen og sikter på å nå klimanøytralitet innan 2045. Målet for klimagassreduksjon vert fulgt opp på linje med økonomiske mål og mål for HMS. Dette er mål vi tek med oss inn i våre prosjekt.
Vi tilbyr deg:
- Eigarskap i eiga bedrift gjennom Veidekke sitt aksjeprogram for tilsette. I dag eig dei tilsette ca. 15 % av aksjane i selskapet. Det er unikt blant store selskap i Norge. Vi gir deg aksjar til ein verdi av 10 000 kroner så du kjem i gong med eigarskapet
- Sosiale aktivitetar gjennom Ung i Veidekke
- Firmahytter i store delar av landet
- Eit stort utval av bedriftsidrett og organiserte ekskursjonar
- Konkurransedyktige vilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein fremtidsretta jobb i ei næring i stor utvikling
- Gode kollegaer som heiar på kvarandre
- Eit selskap som jobbar for å utvikle deg og dei rundt deg
- Ein fadder som du kan sparre ekstra godt med der du blir lokalisert
- Gode høve for å bygge deg eit solid nettverk
- Eiga bedriftshelseteneste
- Gøy på jobben! Vi snakkar meir om det på jobbintervjuet
Vi har verksemd i mange delar av landet, og kollegaer som ser fram til å bli kjent med deg. Søknadsfristen er 15. november og oppstart vil vere hausten 2024. Vi har løpande opptak, så vi anbefaler å vere tidleg ute med å søke.
Kontakt
Christine Aagård Midthjell
916 12 897
Søknadsfrist: 15.11.2023
Sted: Førde, Sandane, Sogndal, Volda
Om arbeidsgjevaren
Veidekke er ein av Skandinavia sine største entreprenørar. Selskapet utfører alle typar bygg- og anleggsoppdrag, vedlikeheld vegar og produserer asfalt, pukk og grus. Involvering og lokalkunnskap kjenneteikner verksemda. Omsetninga er om lag 39 milliardar kroner, og nær halvparten av dei 8 000 medarbeidarane eig aksjar i selskapet. Veidekke er notert på Oslo Børs og har sidan starten i 1936 alltid gått med overskot.
Veidekke Bygg driv landsdekkande byggeverksemd for private og offentlege kundar. Verksemda bygger bustader, yrkesbygg, skular og andre offentlege bygg. Årleg omsetning er NOK 13,3 milliardar (2022), og verksemda har omlag 2 800 tilsette, der 1 600 er fagarbeidarar og 1 200 funksjonærar.
SANDANE, NO, 6823