Employees picture

 

Lærling i betong- eller tømmerfaget i Sogn og Fjordane

 

Som lærling i Veidekke får du delta i ulike prosjekt og anlegg, og kan sjå fram til ein kvardag som både er variert, utfordrande og lærerik. Vi set fagkompetanse høgt og som lærling hos oss vil du få tett oppfølging av fagansvarleg og instruktør i samarbeid med eit opplæringskontor, på vegen til eit fagbrev.

 

Veidekke Bygg Sogn og Fjordane ser etter lærlingar i betongfaget og tømrarfaget. Vi har prosjekt i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn og på søre Sunnmøre, og prosjekta vil vere knytt til eit av avdelingskontora våre i Førde, i Sogndal på Sandane eller i Volda.

 

Du jobbar saman med erfarne kolleger som meir enn gjerne delar sin kunnskap og sine erfaringar med deg. I tillegg får du lønn under heile læretida, noko som gjer at du kanskje slepp å ende opp med eit stort studielån etter endt utdanning.

 

Fagbrev og meistring


Tek du fagbrev etter endt læretid, får du dokumentert den formelle kompetansen din. Du kan gå ut i jobb som fagarbeidar eller fortsette på vidare utdanning om du ynskjer det. I tillegg vil du meistre eit praktisk fag du kan få bruk for i kvardagen – ferdigheiter som ikkje alle andre har.
 

Veidekke har lang tradisjon med å rekruttere lærlingar, og vår satsing på lærlingar er den viktigaste kjelda til rekruttering av eigne fast tilsette fagarbeidarar. Ved utgongen av 2023 hadde vi ca 300 lærlingar i Veidekke, der ca 210 av dei er i Norge.

 

Om deg


Du må like å jobbe strukturert og du må trivast med å jobbe saman med andre. Vi ynskjer og at du er nøyaktig og tenker sikkerheit i kvardagen. Ingenting er viktigare enn at alle som jobbar for oss, kjem trygge og heile heim kvar dag. For å bli lærling hos oss, må du og vere punktleg og du må synast det er kjekt med utfordringar, lære og utvikle deg og levere godt fagleg arbeid.

 

Når du søker lærlingplass, må følgande vere med:

 

  • Karakterutskrift inkludert fråvær
  • CV og evt attestar – søknadsbrev er valfritt

 

 

Les meir om det å vere lærling i Veidekke og kva fag vi har retta mot vår lærlingordning her.

 

Søknad og CV kan ikkje sendast på e-post til våre lærlingkontakter. 


 

Kontakt

Christine Aagård Midthjell

916 12 897

 

Søknadsfrist: 15.06.2024 

 

Sted: Førde, Sogndal, Sandane, Volda 

 

Veidekke er ein av Skandinavia sine største entreprenørar. Selskapet utfører alle typar bygg- og anleggsoppdrag, vedlikeheld vegar og produserer asfalt, pukk og grus. Involvering og lokalkunnskap kjenneteikner verksemda. Omsetninga er om lag 39 milliardar kroner, og nær halvparten av dei 8 000 medarbeidarane eig aksjar i selskapet. Veidekke er notert på Oslo Børs og har sidan starten i 1936 alltid gått med overskot.

 

Stillinga inngår i Veidekke Bygg, som driv landsdekkande byggeverksemd for private og offentlege kundar. Verksemda bygger bolig, yrkesbygg, skular og andre offentlege bygg. Årleg omsetning er NOK 13,3 milliardar (2022), og verksemda har ca 3 100 tilsette, der 1 800 er fagarbeidarar og 1 300 funksjonærar.

Stillingstittel:  Lærling betong og tømmer Sogn og Fjordane/søre Sun
Virksomhet:  Veidekke Bygg
Sted: 

KAUPANGER, NO, 6854

Sted:  Førde, Sogndal, Sandane, Volda
Stillingstype:  Lærling
Antall ledige stillinger:  8
Søknadsfrist:  15. juni 2024

I Veidekke får du utvikle deg i tett samarbeid med andre. Hos oss er involvering og faglig sterke miljøer en helt sentral del av vår arbeidsplass.

Våre prosjekter og vår drift er vårt hjerte. God produksjon med involvering av alle parter, individuell utvikling av medarbeidere og arbeid i høyt presterende team. Dette er summen av en involverende og forpliktende arbeidsform og det er denne arbeidsformen vi mener skaper et helt spesielt engasjement og gir våre kunder merverdi.