Åpen søknad Sogn og Fjordane/søre Sunnmøre
Er du ingeniør/sivilingeniør eller teknikar med erfaring frå bygg og anlegg? Eller kanskje fagarbeidar i tømmer- eller betongfaget - eller ynskjer å bli det? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Veidekke Bygg har avdelingskontor i Førde, Sogndal, på Sandane og i Volda. Vi har stadig behov for flinke folk med ulik bakgrunn og kompetanse, og vi er alltid på utkikk etter deg som vil vere med å bidra til å utvikle oss vidare innan fag eller leiing. Vi er interessert i kontakt med personar som har erfaring og kompetanse som er relevant for vår verksemd, og som er på jakt etter ein ny arena å utfolde seg på.
Vi ser etter deg som er nysgjerrig og som vert fascinert av ny teknologi og den praktiske og økonomiske nytta dette kan gje. Du må vere oppteken av berekraft i alle delar av utføringa av jobben din.
I Veidekke er vi opptekne av involvering og samarbeid. Det vere seg med kolleger, kundar, rådgjevarar eller leverandørar. Det å dele kunnskap og idéar med andre fell deg naturleg. Du er eit typisk samarbeidsmenneske som tør å utfordre og vere tydeleg, og snakkar godt med kolleger på alle nivå.
Typiske stillingar vi til stadigheit har bruk for:
- Prosjektleiar
- Anleggsleiar
- Driftsleiar/formann
- Fagarbeidar tømmer
- Fagarbeidar betong
- Lærling tømmer og betong
- Ufaglært med erfaring frå bransjen som ynskjer å ta fagbrev
For at din bakgrunn skal vere relevant for vår verksemd har du gjerne utdanning som:
- Ingeniør/sivilingeniør bygg/anlegg
- Fagskuletekniker bygg/anlegg
- Fagbrev tømrer
- Fagbrev betong/forskalingssnekkere
Søke jobb hos oss
Vi er opptekne av å tilsette eit mangfald av kompetanse og vi oppfordrer deg til å kontakte oss uavhengig av kjønn, alder eller etnisitet. Send oss eit kort søknadsbrev der du fortel litt om deg sjølv og din motivasjon for å søke deg til Veidekke. Legg og ved ein oppdatert CV og vitnemål, attester og eventuelt relevante sertifiseringar/ fagbrev.
Vi gjer merksam på at alle opne søknadar ligg lagra hos oss i 12 månader frå den dagen du registrerer ein open søknad.
Sjølv om du har søkt på open søknad, vil vi allikevel oppfordre deg til å følge med på stillingar som blir publisert på våre nettsider og søke desse direkte dersom dei passar din kompetanse.
Vi tilbyr
Hos oss blir du ein del av ei bedrift som er uformell i omgangstonen og har eit positivt arbeidsmiljø. Glimt i auga og god humor på arbeidsplassen er viktig.
Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar og gode moglegheiter for kurs og opplæring hos oss. Gjennom vår ordning for aksjekjøp får du høve til å eige aksjar i eigen bedrift saman med dine kolleger. I dag eig halvparten av tilsette i Veidekke omlag 15% av aksjane i selskapet, noko som er ganske unikt for store selskap i Norge.
Vi ser fram til å motta din søknad!
Kontakt
Christine Aagård Midthjell
91612897
Søknadsfrist: 31.03.2025
Sted: Førde, Sogndal, Sandane, Volda
Veidekke er en av Skandinavias største entreprenører. Selskapet utfører alle typer bygg- og anleggsoppdrag, vedlikeholder veier og produserer asfalt, pukk og grus. Involvering og lokalkunnskap kjennetegner virksomheten. Omsetningen er om lag NOK 39 milliarder, og halvparten av de 8 000 medarbeiderne eier aksjer i selskapet. Veidekke er notert på Oslo Børs og har siden starten i 1936 alltid gått med overskudd.
Stillingen inngår i Veidekke Bygg, som driver landsdekkende byggevirksomhet for private og offentlige kunder. Virksomheten bygger boliger, yrkesbygg, skoler og andre offentlige bygg. Årlig omsetning er NOK 13,3 milliarder (2022), og virksomheten har ca. 3 100 ansatte, hvorav 1 800 fagarbeidere og 1 300 funksjonærer.
Førde, Sogndal, Sandane, Volda, Førde, Sogndal, Sandane, Volda, Førde, Sogndal, Sandane, Volda, Førde, Sog