Employees picture

 

Sommarjobb i Sogn og Fjordane 2025

 

Er du student og ser på utfordringar som moglegheiter?

 

Veidekke er Norge sitt største entreprenørselskap med prosjekt, anlegg og driftskontrakter over store delar av landet. No søker vi studentar til sommarjobb i vår byggverksemd i Sogn og Fjordane frå juni-august 2025. Vi ser etter deg som studerar relevante ingeniørfag eller har fagskulebakgrunn.

 

Ein sommerjobb hos oss vil gjere deg godt kjent med våre prosjekt og produksjon. Her får du stifte kjennskap til mange av våre fag og folk, og du får eit godt innblikk i vår modell for prosjektgjennomføring.

          

Arbeidsoppgåver du kan få


Variasjon er nøkkelordet for ein sommarjobb i Veidekke. Alle prosjekt er ulike. Vi kan ikkje love deg alt, men du vil få bryne deg på ulike fag og oppgåver innan område som driftsoppfølging, HMS og kvalitetssikring. Du vil kunne få ansvar innan t.d. oppfylging av underentreprenørar, stikning- og landmåling og prosjektering. Kanskje har du interesse for klimagassrekneskap eller bruk av ny teknologi?

 

I Veidekke jobbar vi med prosjekt heilt frå planleggingsstadiet til ferdigstilling. Det gir deg eit innblikk i og erfaring med særs mange fag og ein kompleksitet som du kun finn hos entreprenørselskapa. I Veidekke er vi spesialistar på heile leveransen til ein kunde og vi elskar fag, kompleksitet og samspel mellom menneske på alle nivå. Så det er fint om du tenker at det høyres spennande ut!


Dette ser vi etter hos deg


Vi ser etter deg som tek initiativ, likar utfordringar, menneske og teamarbeid. Du er interessert i kva ein utførande entreprenør gjer, og har lyst til å bli betre kjent med oss i Veidekke.

Du må like å prøve nye ting, for vi kjem til å gje deg varierte oppgåver - om nokre er enkle, vil andre vere meir utfordrande. Om du veit at løysingar blir endå betre når du løyser dei saman med andre, då trur vi du vil trivast i vår gjeng sommaren 2025.

 

Vi likar å ha det kjekt på jobb i Veidekke. Vi meiner det er samanheng mellom trivsel og kvalitet i arbeidet vi utfører og ein trygg og sikker arbeidsplass. Vi har sjølvsagt bransjen sine dyktigaste og kjekkaste folk hos oss. Det er difor viktig at du kan utfordre deg sjølv og er komfortabel med å bli ein del av ein slik gjeng i løpet av nokre hektiske sommermånader.


Vi gir deg


Ein sommarjobb hos oss vil gje deg praktisk erfaring som du kan ta med deg vidare i studiane. Både du og vi skal få utbytte av jobben du gjer. Og det er ikkje hemmeleg at vi bruker sommarjobbane til å vurdere eigna studentar til Veidekke sitt program for nyutdanna på eit seinare tidspunkt. Ein sommarjobb er difor både ei lærerik erfaring og ein inngangsport til jobb hos oss seinare. Lønn vert fastsett etter satsar for utdanningsløp og kor langt du er kome i studiane.

 

Praktisk info til deg som søker

 

Ein sommarjobb kan du ha frå juni og ut august. Oppstart og varigheit kan variere og vert avtala nærare på intervju. Her er det fint om du veit kor lenge og når du kan starte opp i jobben. Vi har avdelingskontor i Førde, Sogndal, Volda og på Sandane, så skriv gjerne i søknaden din kor du helst ynskjer å vere.

 

Hugs å fortelle kort om din motivasjon for jobben i søknaden du lastar opp. Under intervju vil du og få meir informasjon om konkrete prosjekt. I vår byggverksemd jobbar du vanleg arbeidsveke (5 dagers-veke) og til vanleg bur du heime.

 

Søknadsfrist: 31. januar 2025. Vi har fortløpande opptak, så eit godt tips er å vere tidleg ute med å søke. Hugs å legge ved CV-en din og dine foreløpige karakterar. 
 

 

 

Kontakt

Christine Aagård Midthjell

916 12 897

 

Søknadsfrist: 31.01.2025 

 

Sted: Førde, Sogndal, Volda og Sandane 

 

Veidekke er ein av Skandinavia sine største entreprenørar. Selskapet utfører alle typar bygg- og anleggsoppdrag, vedlikeheld vegar og produserer asfalt, pukk og grus. Involvering og lokalkunnskap kjenneteikner verksemda. Omsetninga er om lag 43 milliardar kroner, og halvparten av dei 8 000 medarbeidarane eig aksjar i selskapet. Veidekke er notert på Oslo Børs og har sidan starten i 1936 alltid gått med overskot.

 

Veidekke Bygg driv landsdekkande byggeverksemd for private og offentlege kundar. Verksemda bygger bustader, yrkesbygg, skular og andre offentlege bygg. Årleg omsetning er NOK 16,2 milliardar (2023), og verksemda har omlag 2 800 tilsette, der 1 600 er fagarbeidarar og 1 200 funksjonærar.
 

Stillingstittel:  Sommerjobb Sogn og Fjordane
Virksomhet:  Veidekke Bygg
Sted: 

BERGEN, NO, 5072

Sted:  Førde, Sogndal, Volda og Sandane
Stillingstype:  Sommerhjelp
Antall ledige stillinger:  4
Søknadsfrist:  31. januar 2025

I Veidekke får du utvikle deg i tett samarbeid med andre. Hos oss er involvering og faglig sterke miljøer en helt sentral del av vår arbeidsplass.

Våre prosjekter og vår drift er vårt hjerte. God produksjon med involvering av alle parter, individuell utvikling av medarbeidere og arbeid i høyt presterende team. Dette er summen av en involverende og forpliktende arbeidsform og det er denne arbeidsformen vi mener skaper et helt spesielt engasjement og gir våre kunder merverdi.