Employees picture

 

Nyutdanna i Veidekke Sogn og Fjordane 2025

 

Er du nyutdanna og ser på utfordringar som moglegheiter?

 

Veidekke er Norge sitt største entreprenørselskap med prosjekt, anlegg og driftskontrakter over store delar av landet. No søker vi 1-2 idérike og engasjerte nyutdanna som ynskjer å starte si karriere hos oss i Sogn og Fjordane.

 

Vi ser etter deg som er nyutdanna innan relevante ingeniørfag eller har fagskulebakgrunn.
 

 

Dette vil du jobbe med

 

Din jobbkvardag vil vere på eit bygg- eller anleggsprosjekt. Du vil få fagleg variasjon med oppgåver innan område som driftsoppfølging, innkjøp, HMS, ytre miljø og kvalitetssikring. Du vil og kunne få ansvar innan f.eks. kontrakt, prosjekteringsleiing eller tilbod/anbod, og mykje meir!

 

Som nyutdanna inngår du i Fundament, vårt program for nyutdanna. Her vektlegg vi erfaringsutveksling, nettverksbygging og sjølvleiing. Du vil delta på samlingar, webinar og kurs med andre nyutdanna, og i løpet av eit år vil du bli godt rusta til vidare personleg og fagleg utvikling. 

 

Vi har sett vitskapsbaserte mål i tråd med Parisavtalen om å redusere våre klimagassutslepp med 50 % innan 2030 og nå netto null utslepp innan 2045. Målet for klimagassreduksjon vert fylgt opp på line med økonomiske mål og mål for HMS. Dette er mål vi tek med oss inn i våre prosjekt og som du får føle på i kvardagen din.

 

Dette ser vi etter hos deg

 

Du er ein lagspelar og likar fellesskap, samarbeid og sterke fagmiljø. I Veidekke er vi spesialistar på heile leveransen til ein kunde, og vi elskar fag, kompleksitet og samspel mellom menneske. Er du av typen som trur at dei beste løysingane oppstår når vi snakkar saman, tenker saman og jobbar saman? Da er du kanskje ein av oss.

 

Framtida stiller store krav til oss, til vår vilje til å tenke nytt og til vår evne til å tenke innovativt. Difor må du tore å utfordre vedtekne sanningar. Klarar du å tenke at det som er umogeleg i dag, kanskje er mogeleg i morgon? Då vil du klare å sjå løysingar der andre ser avgrensingar. Om du veit at løysingar blir enda betre når du løyser dei saman med andre, då høyrer du kanskje til i vår gjeng.

 

Vi tilbyr deg

 

Vi veit at det er størst sjanse for at du får ut potensialet ditt om du er trygg i jobben og at du får gode høve til å utvikle deg som menneske og fagperson. I tillegg har vi mange gode tilbod til deg som tilsett, blant anna:

 

  • Å eige eiga bedrift gjennom Veidekke sitt aksjeprogram for tilsette. I dag eig dei tilsette ca. 15 % av aksjane i selskapet, noko som er unikt blant store selskap i Norge. Vi gir deg aksjer til ein verdi av 10 000 kroner så du kjem i gong med eigarskapet.
  • Sosiale aktivitetar gjennom Ung i Veidekke.
  • Eit stort utval av bedriftsidrett og organiserte ekskursjonar
  • Ein fadder som du kan sparre ekstra godt med der du blir lokalisert
  • Gode høve til å bygge deg eit solid nettverk
  • Konkurransedyktige betingelsar og gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein framtidsretta jobb i ei næring i stor utvikling
  • Gode kolleger som heiar på kvarandre
  • Firmahytter i store delar av landet
  • Eiga bedriftshelseteneste
  • Eit selskap som jobbar for å utvikle deg og dei rundt deg
  • Gøy på jobben! Vi snakkar meir om det på jobbintervjuet
     

Vi har aktivitet i store delar av landet, i byane og i distrikta. Gjer ei god vurdering av kor du vil søke og kva du helst vil jobbe med når du sender inn søknaden din. Fint om du også skriv om du vil jobbe i Førde, Volda, Sogndal eller på Sandane. Søknadsfrist er 15. november og oppstart vil vere hausten 2025. Hugs å legge ved CV-en din og dine foreløpige karakterar. Vi har fortløpande opptak, så eit godt tips er å vere tidleg ute med å søke.

 

 

 

Kontakt

Christine Aagård Midthjell

916 12 897

 

Søknadsfrist: 15.11.2024 

 

Sted: Førde, Volda, Sogndal og Sandane 

 

Veidekke er ein av Skandinavia sine største entreprenørar. Selskapet utfører alle typar bygg- og anleggsoppdrag, vedlikeheld vegar og produserer asfalt, pukk og grus. Involvering og lokalkunnskap kjenneteikner verksemda. Omsetninga er om lag 43 milliardar kroner, og halvparten av dei 8 000 medarbeidarane eig aksjar i selskapet. Veidekke er notert på Oslo Børs og har sidan starten i 1936 alltid gått med overskot.

 

Veidekke Bygg driv landsdekkande byggeverksemd for private og offentlege kundar. Verksemda bygger bustader, yrkesbygg, skular og andre offentlege bygg. Årleg omsetning er NOK 16,2 milliardar (2023), og verksemda har omlag 2 800 tilsette, der 1 600 er fagarbeidarar og 1 200 funksjonærar.
 

Stillingstittel:  Nyutdannet Prosjektingeniør Sogn og Fjordane
Virksomhet:  Veidekke Bygg
Sted: 

BERGEN, NO, 5072

Sted:  Førde, Volda, Sogndal og Sandane
Stillingstype:  Nyutdannet
Antall ledige stillinger:  2
Søknadsfrist:  15. november 2024

I Veidekke får du utvikle deg i tett samarbeid med andre. Hos oss er involvering og faglig sterke miljøer en helt sentral del av vår arbeidsplass.

Våre prosjekter og vår drift er vårt hjerte. God produksjon med involvering av alle parter, individuell utvikling av medarbeidere og arbeid i høyt presterende team. Dette er summen av en involverende og forpliktende arbeidsform og det er denne arbeidsformen vi mener skaper et helt spesielt engasjement og gir våre kunder merverdi.